Styrkar norskopplæringa for å betre integreringa

No kan det bli lettare for fleire med innvandrarbakgrunn å lære seg norsk.
 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.10.2020

– Nøkkelen til å bli integrert i det norske samfunnet, til å kunne fullføre studie og til å kunne få seg jobb, er språk, seier Guri Melby.
 
Difor vil regjeringa sette av 5 millionar kroner i statsbudsjettet til å styrke tilskotsordninga til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, og øyremerke desse til norsktrening.