Endringar i introduksjonslova
Dei varsla endringane i introduksjonslova har nå trådt i kraft. Dei største endringane er knytta til forbod mot ansiktsdekkande plagg i undervisning, retten til introduksjonsprogram blir utvida og kommunane får plikt til å gi opplæring i norsk kultur og norske verdiar i mottak.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forbod mot ansiktsdekkande plagg i opplæringssituasjonar
Det er ikkje lov å bruke heilt eller delvis dekkande ansiktsplagg i forbindelse med undervisningssituasjonar og vurderingssituasjonar, samt på turar og arrangement i regi av skulen. Forbodet gjeld både for deltakarar og lærarar.
Introduksjonsprogrammet kan bli stansa mellombels for introduksjonsdeltakarar dersom dei bryt forbodet fleire gonger, medan lærarar kan risikere oppseiing. Forbodet tok til å gjelda frå 1. august 2018.
Målgruppa for introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap blir utvida
Personar som har begrensa opphaldsløyve mens dei ventar på at deira identitet skal bli dokumentert, har rett til introduksjonsprogram. Dette gjeld for dei som er medlem av ein barnefamilie eller er einsleg mindreårig. Merk at dei må fylle øvrige vilkår for rett og plikt til introduksjonsprogram, jf. introduksjonslova § 2.
Den utvida retten gjeld for personar med eit opphaldsløyve som ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve og/eller familieinnvandring.
Deltaking i norskopplæringa
Einsleg mindreårig med begrensa opphaldsløyve får rett til opplæring i norsk ved første opphaldsløyve. Dei som har begrensa opphaldsløyve som medlem av barnefamilie får rett til opplæring i norsk ved førstegongs fornying av opphaldsløyvet.
Desse endringane vart gjort gjeldande frå 16. juni 2018.
Opplæring i mottak blir pliktfesta
Kommunen har no plikt til å tilby opplæring i norsk og norsk kultur og verdiar for asylsøkarar som bur i mottak. Dette skal sikre at asylsøkarane kjem raskt i gang med opplæringa i norsk. Dei må sjølv søke om å få opplæringa. Asylsøkarane har plikt til å delta i opplæringa. Endringa er gjort gjeldande frå 1. september 2018.
Andre endringar i introduksjonslova
Arbeids- og utdanningsretta tiltak skal alltid vere ein del av introduksjonsprogrammetAuka bruk av eit tredje år med introduksjonsprogramIndividuell plan skal bygge vidare på dei tiltaka personen har delteke i før busetting i kommunenDet blir innført forskrift om reaksjonar på fusk for avsluttande prøvarDet er gjort endringar i regelen om behandlinga av personopplysningar (GDPR)
Kontaktpersoner
-
Janne Duesund
Tlf: 37 01 75 71