Kva er ein fullstendig gjødslingsplan?
Ein god gjødslingsplan er viktig for miljø, ressursutnytting og økonomien til bonden.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Gjødslingsplanlegging har som føremål
- å gi grunnlag for avling av god kvalitet
- å avgrensa avrenning til vassdrag og tap til luft av næringsstoff
- å sikra god utnytting av næringsstoff i jordsmonnet
Gjødslingsplanen har betydning for økonomien i jordbruket, særleg i tider med høge prisar på handelsgjødsel. Og fullstendig gjødslingsplan er eit krav for å få fullt tilskot til jordbruksareal.
Krava til planen går fram av forskrift om gjødslingsplanlegging. Meir detaljerte retningslinjer er å finna i Rundskriv 17/2003 frå Landbruksdirektoratet.
Krav til gjødslingsplanen
Gjødslingsplanen skal vera klar før vekstsesongen startar. Ny leigejord skal vera med i planen frå første leigeåret, men jordprøvar frå dette arealet kan venta til andre året. Ny gjødslingsplan for kvart år er hovudregelen, men føretak med under 5 gjødseldyreiningar kan søkja kommunen om fleirårig plan (for maks. 5 år).
Gjødslingsplanen skal innehalda:
- alt jordbruksareal som føretaket disponerer
- representative jordprøvar for areal som blir gjødsla, tatt kvart 4.–8. år
- mengde husdyrgjødsel, slam eller annan organisk gjødsel
- kart med skifteinndeling
For kvart skifte skal det setjast opp følgjande:
- jordbruksareal i dekar
- jordart og jordanalyser for pH, fosfor, kalium og moldinnhold
- forgrøde (fjorårets vekst)
- årets vekst
- forventa avlingsnivå per dekar
- årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium per dekar
- husdyrgjødsel / organisk gjødsel: type, mengde per dekar og antatt spredetidspunkt
- mineralgjødsel: type, mengde per dekar og antatt spredetidspunkt
Gjødslingsbehovet skal avpassast etter følgjande data:
- jordprøveresultat for fosfor, kalium og moldinnhold
- vekst og gjødslingsnormer for distriktet
- avlingsnivå ut frå erfaringar for kvart enkelt skifte
- forgrøde
Dersom vekstforholda avvik frå forventa, skal gjødslingsplanen justerast i samsvar med behovet.
Utarbeiding av gjødslingsplanen
Lagar du planen sjølv manuelt, må du rekna ut gjødslingsbehovet ut frå dataene som er nemnt i punkta over. Du kan også laga planen ved hjelp av dataprogram som reknar for deg.
Bestiller du gjødslingsplan hjå NLR eller andre, er det ditt ansvar å gi fullstendige opplysningar til planleggar, til dømes:
- Få med alt areal (skal samsvara med søknad om produksjonstilskot).
- Hugs alle endringar i vekster, t.d. bruken av skiftene til slått og/eller beite.
- Opplys om ev. husdyrgjødsel og om kvar det er aktuelt å spreia denne.
Hovudsesongen for å ta jordprøvar er om hausten. Det er også mogeleg å ta dei tidleg om våren, men då blir det sjølvsagt meir krevjande å få gjødslingsplanen klar før vårgjødslinga.
Krav for å få fullt tilskot til jordbruksareal
I søknad om produksjonstilskot, del 2 (oktober), blir du under "Egenerklæring" spurt om foretaket ditt har ein gjødslingsplan som oppfyller krava i forskrifta. Har du ein mangelfull plan, svarer du nei og kommenterer under "Dokumentasjon og dialog" kva som manglar.
Kommunen avkortar tilskotet til jordbruksareal dersom gjødslingsplanen ikkje er i orden. Hovudregelen er 20 % avkorting dersom planen manglar heilt og mellom 0 % og 20 % dersom planen er mangelfull. Har du svart at du har ein plan i samsvar med forskrifta, men dette ikkje stemmer, kan kommunen i tillegg avkorta eit tilsvarande beløp for feilopplysning.
Vedlegg til søknad om tilskot til produksjonssvikt – grovfôr med husdyr
Nytt frå 2023 er at du skal leggja gjødlingsplanen ved søknad om tilskot til produksjonssvikt for grovfôr med husdyr. Planen gir nyttige opplysningar som kan forklara avlingsnivået, t.d. gjødslingsstyrke og engalder.