Ungdom + kommunereform = ?

Er kommunereforma interessant for ungdom og kva kan dei om den? Fylkesmannen og regionråda fekk svar då dei møtte ungdomsråda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2015

Fylkesmannen, Orkidé, Romsdal regionråd og Sunnmøre regionråd var vertar for desse kjekke møta som vart arrangert i Kristiansund, Molde, Ørskog og Volda. 

Kaffi og rundstykke vart erstatta av pizza, sjokolade, frukt og brus. Dermed var det duka for ein ungdommeleg kveld med kommunereform som tema.

Solveig Buvik var møteleiar. 20-åringen er prosjektmedarbeidar for kommunereformen og Fylkesmannen sitt unge alibi. Ho hadde laga quiz for anledninga. Det viste seg at kunnskapen om kommunereforma var jamt over særs god. Vinnarlaget fekk sjølvsagt premie.

Ein god dialog førte til interessante spørsmål frå ungdommane til vertane. Mellom anna lurte dei på kva for konsekvensar kommunereforma ville få. Vil den lokale barnehagen ville bli flytta? Vil ungdomsråda skulle forsvinne? Vil ungdomsklubbane bli flytta til dei større byane?

Vinnarlaget fekk sjølvsagt premieDei ulike ungdomsråda fortalde korleis dei hadde blitt engasjert i prosessen med kommunereforma.

Nokre var godt inkludert gjennom kommunestyremøta, «Tenketank», prosjektgruppe og god kontakt med den politiske leiinga i kommunen.

Andre hadde ikkje blitt involvert i det heile. Her er det nokre kommunar som har potensiale til å få med dei som faktisk skal leve med den nye kommunereforma.

Ungdommane etterlyste meir informasjonsstoff som hjelp til å engasjere fleire ungdommar i prosessen. Dei meinte at kommunereforma burde vere obligatorisk pensum i skulane i tillegg til meir informasjon gjennom ungdommane sine informasjonskanalar, til dømes Facebook, Snapchat.

Fylkesmannen og regionråda inn mange gode innspel desse kveldane, og lova å halde kontakta med ungdomsråda i tida framover i denne spanande prosessen.

Tilbakemeldingane frå ungdommane var at det var kjekt å bli kjend med dei andre ungdomsråda og at dei no hadde meir kontroll på kommunereforma. Dei hadde og eit uformelt ønske om namneendring for å fokusere på moglegheitene framfor trugslane:

Dropp «kommunereforma», kall det heller «min draumekommune».

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.