Bli kjend med den nye barnevernslova

– Den nye barnevernslova skal bidra til auka vekt på førebyggjande arbeid og tidleg innsats, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre som får hjelp frå barnevernet. Lova set behova til barna i sentrum, òg legg til rette for å byggje på ressursane rundt barnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
– Den nye barnevernslova skal bidra til auka vekt på førebyggjande arbeid og tidleg innsats, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre som får hjelp frå barnevernet. Lova set behova til barna i sentrum, òg legg til rette for å byggje på ressursane rundt barnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). Foto: Scanstockphoto.

Den nye barnevernslova gjeld frå 1. januar 2023. Statsforvaltarane har laga opplæringsvideoar, slik at du som jobbar i barnevernet kan bli betre kjent med den nye lova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2022

Hovudmålet med lova er å auke rettstryggleiken for familiar som får hjelp frå barnevernet, og bidra til at endå fleire barn får ein trygg oppvekst.

Den nye lova

  • har eit enklare språk og struktur
  • set barnas behov i sentrum
  • kan bidra til betre førebygging og tidleg innsats
  • er betre tilpassa nye familiemønster og eit meir fleirkulturelt Noreg

Statsforvaltarne har engasjert advokat Leif Oscar Olsen til å lage dei åtte opplæringsvideoane om lova. Videoane gjev ikkje ein full gjennomgang av den nye lova, men er ein gjennomgang av dei viktigaste kapitla og føresegnene for dei som arbeider i barnevernstenestene.

Målgruppa er barnevernstilsette, leiarar, kommunedirektørar og alle som jobbar med barnevern. Videoane kan du sjå kva tid som helst, anten åleine, eller saman med heile tenesta. Nokre av sekvensane eller kapitla har refleksjonsoppgåver til slutt, som er fine å arbeide med saman med kollegaer.

 

Kontaktpersonar