Klage
Statsforvaltaren behandlar klager på enkeltvedtak etter føresegnene i barnehagelova og tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren behandlar og klager på spesialpedagogisk hjelp.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dersom du har fått eit vedtak du ønskjer å klage på og du er usikker på kva du skal gjere - ta først kontakt med den som har fatta vedtaket.
Den som har fatta vedtaket skal gje deg den informasjonen du treng.
Både kommunen som barnehagemyndigheit og Statsforvaltaren skal gje rettleiing og sjå til at lovverket blir følgd opp.
Spesialpedagogisk hjelp
Det er klagerett på alle vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom klagen ikkje får medhald, skal han behandlast av Statsforvaltaren, som er endeleg klageinstans.