Regjeringa vil ha mange fleire barnehagelærarar i barnehagen

Bilde av barnehagebarn i gule refleksvestar saman mei ein vaksen.
Regjeringa vil at 60 prosent av dei tilsette i barnehagane skal vere barnehagelærarar og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar innan 2030. Foto: ScanstockPhoto..

Regjeringa ønsker at fleire barn skal gå i barnehage. Samtidig vil dei auke kvaliteten på innhaldet i barnehagen. I dag la regjeringa fram sin nye barnehagestrategi.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.01.2023

– Eit godt barnehagetilbod betyr mykje for barns moglegheiter vidare i livet, og bidrar til å jamne ut sosiale forskjellar, skriv regjeringa i si pressemelding.

Regjeringa sin nye barnehagestrategi fram mot 2030 er kalla «Barnehagen for ei ny tid».

Regjeringa vil:

  • at 60 prosent av dei tilsette skal vere barnehagelærarar og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar innan 2030
  • halde barnehageprisen låg
  • sikre at pengane som vert brukt på barnehage går til barna

– Barnehageforliket for 20 år sidan ga fleire tusen nye barnehageplassar i Norge. No skal vi over i ei ny fase, der vi styrker kvaliteten på barnehagetilbodet. Vegen dit går gjennom fleire barnehagelærarar og god bemanning. Vårt mål er at barn skal få eit meir likeverdig barnehagetilbod uavhengig av kor i landet barnehagen ligg eller kven som driv barnehagen. Vi skal ta barnehagane inn i ei ny tid, og det skal vi gjere i samarbeid med både kommunane og private barnehageeigarar, seier statsminister Jonas Gahr Støre i pressemeldinga.

Les heile pressemeldinga hos regjeringa.no …

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.