Fleire har rett til fri hjelp frå advokat
Frå 1. januar 2023 vart inntektsgrensa for fri rettshjelp auka til 350.000 kroner for einslege og til 540.000 kroner i samla inntekt for ektefellar og sambuarar. Nettoformuesgrensen er økt til 150.000 kroner.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er også endringar i ordninga som følge av ny voldsoffererstatningslov og barnevernslov. Les meir om dette på rettsrad.no ...
Ordninga med fri rettshjelp inneber at det offentlege kan dekkje det meste av advokatgiftene dine i ei sak. Hjelpa vert ytt av lokale advokatar i fylket. Før du kontaktar advokat, kan du få ei vurdering av Statsforvaltaren av om du har rett til fri rettshjelp.
Samla skattbar bruttoinntekt bestemmer
Det er din samla skattbare bruttoinntekt per år som bestemmer om du har rett på fri rettshjelp eller ikkje. Arbeidsinntekt og trygdeytingar vert lagt saman i utrekninga.
I dei fleste sakene må du som får fri rettshjelp betale ein eigendel på 1121 kroner.
I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?
Døme på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.
Meir informasjon om kva sakstypar ordninga med fri rettshjelp gjeld for, og kva søknadsskjema du skal bruke finn du på våre sider og på www.rettsraad.no.