Lettar opp på sjukeheimar
Når ein stor del av sjukeheimsbebuarar no er vaksinerte, kan det lettast opp på nokon av tiltaka.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er betydeleg mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon, men risikoen forsvinner ikkje heilt, då vaksina ikkje gir full beskyttelse hos alle. Bebuarar og pårørande bør informerast om dette.
Redusert risiko
Dei aller fleste av dei som bur på sjukeheim i Noreg er no vaksinerte mot covid-19. Dei vil ha redusert risiko for å utvikle sjukdom. Uvaksinerte bebuarar kan fremleis ha behov for å skjermast meir enn dei vaksinerte bebuarane.
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har derfor endra fleire av råda for besøk i sjukeheim.
Nærkontakt med sine næraste
Ei gledeleg endring er at vaksinerte bebuarar igjen kan ha nærkontakt med nokon av sine næraste.
Fellesområda kan brukast til besøk dersom det er mogleg å halde minst ein meters avstand til andre. Det vil ikkje alltid være nødvendig å avtale besøk på førehand, og talet på besøkande vil berre vere avgrensa av nasjonale eller lokale anbefalingar. Dette gjeld også i områder med høg smitterisiko.
Helse- og omsorgsinstitusjoner bør framleis halde oversikt over kven som besøker institusjonen, slik at smittesporing kan gjennomførast på ein effektiv måte, dersom det blir oppdaga smitte hos ein bebuar, ein besøkande eller ein tilsett. Nærare informasjon finn du på kommunane sine heimesider.
Legge til rette for tenester
Det oppfordrast også til å legge til rette for at tenester som er viktige for bebuaranes fysiske eller mentale helse, kan gjennomførast. Endra rutinar kan settast i verk 1-2 veker etter at bebuarane er fullvaksinerte. Uvaksinerte bebuarar kan ha behov for å skjermast meir enn dei vaksinerte bebuarane. Nærare skildring av dette finnast i dei oppdaterte råda.
Berre for sjukeheim
Dei skisserte endringane gjeld inntil vidare berre for sjukeheim, og ikkje for andre kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar eller andre buformer. Leilighet/rom som tenestemottakarane betalar husleige for, t.d. i omsorgsbustad/bufellesskap eller tilsvarande, er tenestemottakaren sin private heim. Eventuell regulering av besøk og sosial kontakt kan då i utgangspunktet berre sluttast av tenestemottakar+en sjølv. Smittevernråd i sjukeheim og andre helse- og omsorgsinstitusjonar vil bli oppdatert, og publisert fortløpande.
Ved smitteutbrudd eller uavklart situasjon i institusjonen
Ved utbrudd bør behov for besøksstans vurderast uavhengig av vaksinasjonsstatus hos bebuarane, inntil ein har øversikt. Ved påvist smitte, eller mistanke om smitte, hos aktuell bebuar, hos andre bebuarar, hos den besøkande, eller hos tilsette, vil reglane i smittevernlova om isolasjon eller karantene gjelde.