Barne-, ungdom og familiedirektoratet lyser ut tilskot til inkludering av barn og unge 2023

Målet med ordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta i samfunnet og oppleve meistring.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2022

Midlane kan nyttast til utvikling av opne møteplassar,  ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppe er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å havne utanfor i samfunnet.  

Før ein kan søkje må kommunane sende inn eit skjema for stadfesting. 

Meir informasjon om stadfesting- og søknadsskjema ligg på BUF-dir sine heimesider (sjå lenke i høgtemenyen)

For spørsmål kan denne epostadressa nyttast: tilskudd@bufdir.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.