Nye telefontider
Vi ønsker å jobbe raskare med saka di og innfører telefontid mellom klokka 12.00 og 14.00.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi gjer dette for å få meir kapasitet til skriftleg sakshandsaming.
Unnteke frå tiltaket er avdelingsleiinga, henvendingar som gjeld beredskap og henvendingar til våre sakshandsamarar på sosialområdet.
De som ikkje kan ringe i dette tidsrommet, kan kontakte sentralbordet på tlf. 71 25 84 00 og be oss ta kontakt/ ringe opp igjen.
Døgnet rundt kan du sende «Sikker melding til Statsforvalteren». Bruk gjerne denne tenesta! Ho er kryptert og meldinga kjem rett inn i sakshandsamingssystemet vårt.
Henvendingar som ikkje inneheld sensitiv informasjon kan du sende på e-post til postmottaket vårt sfmrpost@statsforvalteren.no. Husk å ta med saksnummer. Det gjer prosessen raskare.
Det er viktig at det ikkje vert sendt personopplysningar på e-post.