Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontoret
Kommunar/Nav-kontor i Møre og Romsdal med tilskot i 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til dei sosiale tenestene og tiltak i kommunane som er heimla i sosialtenestelova. Det er eit overordna mål at tilskotet skal bidra til å skape heilskaplege og samordna tenestetilbod som er tilpassa dei behova som brukar har. Gjennom utvikling av nye arbeidsmetodar og former å samarbeide på, skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene og betre levekår.
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å komme i ein vanskeleg livssituasjon.
Nav-kontoret kan få bistand frå Statsforvaltaren til å søkje om tilskotet, og rettleiing og oppfølging i perioden med tilskot.
Oversikt over kommunar/Nav-kontor i Møre og Romsdal som har tilskot i 2022
|
Kommune/Nav -kontor |
Navn på tiltak |
Kontaktperson (er) |
1 |
Averøy |
Ungdomskoordinator |
Wenche Kristin Halse |
2 |
Giske |
Integrering og arbeid (IA) |
Frode Bøe Hatlelid |
3 |
Hustadvika |
Familieveileder |
Elin Morsund |
4 |
Kristiansund |
Språkutvikling i NAV |
Samira Said og Idar Olsen |
5 |
Molde |
MØT |
Nadine Deidok |
6 |
Rauma |
Arbeid og integrering av innbyggere med flyktningestatus |
Tove Touihri |
7 |
Sula |
Ung mestring |
Iren Melling |
8 |
Ørsta/Volda |
Kompasset - på rett veg |
Janne Ringstad og Monica Osvold |
9 |
Ålesund |
Mestringshuset |
Gunn Randi Harjo |