Velferdsteknologi på full fart inn i kommunane

Velferdsteknologien skal styrke folk sin evne til å klare seg sjølv i kvardagen, til trass for sjukdom og redusert funksjonsevne.
Velferdsteknologien skal styrke folk sin evne til å klare seg sjølv i kvardagen, til trass for sjukdom og redusert funksjonsevne. Foto: Scanstockphoto.

I møte med både alderdom og sjukdom kan teknologi trygge og bidra med praktisk hjelp. Velferdsteknologi er derfor eit godt hjelpemiddel for kommunane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.01.2022

– Velferdsteknologi kan til dømes varsle personar med demens og vise dem vegen heim. Den kan og hjelpe til med å dosere medisin og gi tilsyn til personar som bor heime og i institusjon, fortel seniorrådgivar Sverre Veiset, hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Han koordinerer arbeidet med Nasjonalt velferdsteknologiprogram (2016-2021) i fylket. 

Programmet skal bidra til at fleire kommunar tar i bruk velferdsteknologi. Dette skjer i eit samarbeid mellom Kommunesektorens organisasjon (KS), Direktoratet for e-helse, Helsedirektoratet og Statsforvaltarane i landet.

Betre tenester

Denne teknologien bidrar til økt tryggheit, sosial deltaking og fysisk og kulturell aktivitet. Samstundes gjer teknologien at kommunane sparer ressursar og er meir effektive i arbeidet.

– Velferdsteknologien styrker folks evne til å klare seg sjølv i kvardagen, til trass for sjukdom og redusert funksjonsevne. Teknologien kan også fungere som støtte til pårørande og elles bidra til å betre kvalitet på tenestetilbodet, fortel Veiset.

Eit av måla i Nasjonalt velferdsteknologiprogram var at velferdsteknologi skulle vere eit integrert tenestetilbod i omsorgstenester innan utgangen av 2020.

Alle kommunar er med

Rundt 340 kommunar i landet har vore med i prosjekt som skal ta i bruk velferdsteknologiske løysingar. I Møre og Romsdal er satsinga knytt til fem prosjekt, og alle kommunane i fylket er knytt til eit av desse. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har delt ut midlar i heile prosjektperioden.

– Midlane har i hovudsak gått til finansiering av prosjektleiing. Både helsedirektoratet og e-helsedirektoratet har hatt tett oppfølging av prosjekta gjennom vegleiing og måling av gevinstar knytt til bruken av teknologien, fortel Veiset.

Fem ulike teknologiløysingar

I velferdsteknologiprogrammet er det anbefalt å arbeide mellom anna med følgande løysningar:

Lokaliseringsteknologi (GPS), elektronisk medisineringsstøtte, elektroniske dørlåsar, digitale tilsyn, oppgradering av pasientvarslingssystem i sjukeheimar og omsorgsbustader, digitalisering av tryggingsalarmar og utvikling av mottakssenter for alarmar.

– Lokaliseringsteknologi er særleg aktuelt i møte med personar med lett demens, eller annan kognitiv svikt. GPS-teknologien kan både varsle personar om kor dei er, og hjelpe andre med å lokalisere personane. Dette er løysingar som gjerne kjem til i nært samspel med pårørande, fortel Veiset.

Elektronisk medisineringsstøtte omfattar elektroniske multidosedispensarar og som varslar brukaren om når dei skal ta medisin. Elektroniske låsesystem forenklar hjelpeapparatet til å nå den einskilde brukar.

– Mange kommunar har også teke i bruk digitalt tilsyn både i heimebasert omsorg og i institusjon.  Her vil ein kunne fange opp endringar i pasienten sin tilstand og eventuelt komme rask til med hjelp, fortel Veiset. 

Kommunar som skal ha nytt pasientvarslingssystem i sjukeheimar eller omsorgsbustader vert anbefalt å velje system som gjer det mogleg med passiv varsling frå leilegheiter og rom. Då kan ein til dømes bli varsla når ein bebuar bevegar seg inn i eit område som kan være uttrygt og gi risiko for fall.

Erfaringsdeling

Gjennom «Forum for velferdsteknologi Møre og Romsdal» har Statsforvaltaren, som koordinator, arrangert samlingar for kommunane. Her har erfaringar blitt delt mellom prosjekta. Kompetansemiljø som Helseinnovasjonssenteret, Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester og ALV Møre og Romsdal  har også hatt ein viktig rolle inn i forumet.

Vidare framdrift

I heile prosjektperioden har alle prosjekta rapportert om status og framdrift knytt til mål som er satt.

– Prosjektleiarane rapporterer no at kommunane har ulik framdrift i å ta i bruk velferdsteknologien. Kommunane har også ulik moglegheit til å ha fokus og bruke ressursar på dette arbeidet. Det bekymrar Statsforvaltaren at kommunane ikkje er på same stad i arbeidet med velferdsteknologien, seier Veiset.  

Han fortel at velferdsteknologi har vist tydelege gevinstar i prosjektperioden, og meiner denne teknologien vil være eit viktig supplement til det tradisjonelle velferdstenestetilbodet.

– Det er særs viktig at kommunane også har fokus på dette arbeidet i åra som kjem, understrekar Veiset.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Programmet fortsett i to år

Nasjonalt velferdsteknologiprogram vert vidareført i 2022-2024. Programmet skal støtte kommunane i arbeidet med å innføre og utvikle velferdsteknologi som en ordinær del av tenestene. Frå 2024 skal kommunane sjølv prioritere, drifte og ta i bruk desse løysingane.

Sentrale satsingsområde i dei neste to åra vil vere:

  • Velferdsteknologi for barn og unge med funksjonsnedsettingar
  • Digital heimeoppfølging av pasientar med kroniske sjukdommar
  • Utvikling og utprøving av teknologiske verktøy for å mobilisere mot einsemd blant eldre 
Seniorrådgivar Sverre Veiset har koordinert arbeidet med Nasjonalt velferdsteknologiprogram (2016-2021) i Møre og Romsdal.