Det er viktig å balansere kommunalt sjølvstyre og lokaldemokrati mot nasjonale likskapsprinsipp og rettstryggleik, som skal gjelde for alle innbyggjarane i landet.
Statsforvaltaren har mynde til å kontrollere verksemda i kommunane. Tre eller fleire medlemmer av eit kommunestyre kan saman sende ei avgjerd til Statsforvaltaren for å få kontrollert at ho er lovleg. Statsforvaltaren kan dessutan på eiget initiativ ta opp saker til lovlegkontroll. Statsforvaltaren kontrollerer at vedtaket har komme til på lovleg vis, at det er gjort av riktig organ, og at innhaldet i avgjerda er i samsvar med gjeldande lover og reglar.