Fylkesvis skjønnsramme for 2024 - Møre og Romsdal
Kvart år tildeler Statsforvaltaren skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2024 skal 51,6 millionar fordelast.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren har fordelt 29 714 000 kroner til statsbudsjettet for 2024. Fordelinga er gjort på bakgrunn av retningslinjene for skjønnstildelinga og på innspel frå kommunane. Midlane vert fordelt gjennom rammetilskotet i 10 terminar i 2024.
I tillegg har vi fordelt 8 750 000 kroner til fylkesløft/prosjektskjønn. Midlane vert utbetalt i ein sum gjennom rammetilskotet i termin 1/ januar 2024.
Den resterande ramma på 13 136 000 kroner vil bli fordelt i oktober 2024.
Vi har sendt brev til alle kommunane der vi går litt meir i detalj om grunnlaget for tildelinga.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44