Skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn for 2023
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2023. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2023 står lista opp under fylkesløft/prosjektskjønn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skjønnsmidlar 2023
Statsforvaltaren tildeler kvart år skjønnsmidlar til kommunane og har ansvaret for å kome fram til ei god og rettferdig tildeling av skjønnsmidlane mellom kommunane i fylket. Innspel frå kommunane er viktig for å oppnå ei så rettferdig tildeling som råd.
Vi ønskjer innspel på vesentlege utgifter som kommunen ikkje kan påverke sjølv, og som ikkje blir kompensert i stor nok grad gjennom andre tilskot. Innspela frå kommunane vil bli vurdert i forhold til m.a. inntektssystemet og andre tilskotsordningar, og i høve til gjennomsnittlege utgifter knytt til innspelet for kommunane i fylket i den grad det lar seg gjere. Fristen for søknad om skjønnsmidlane er 1. juni 2022.
Vi vil uansett vurdere følgande kriteria i tråd med praksis frå tidlegare år: Språkdeling, Barnevern, Ressurskrevjande tenestemottakarar, Skyss av helsepersonell, Helseplattforma og Kriseskjønn.
- Innspel om skjønnsmidlar kan sendast til sfmrpost@statsforvalteren.no
- Merk sendinga 2022/1251
- Fylkesløft/prosjektskjønn søknad gjennom prosjektportalen ISORD
- Søknadsfrist for skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn er seinast den 1. juni
Fylkesløft/prosjektskjønn 2023
Ein del av skjønnsramma skal bidra til fornying og utvikling i kommunane gjennom fylkesløft/prosjektskjønn. Vi har hatt fokus på prosjekt som kan gi eit løft for alle kommunane i fylket. Dei siste åra har vi prioritert tilskot til prosjekt i samarbeidsprosjektet Møre og Romsdal 2025 og til Helseplattforma.
For 2023 vil vi vidareføre satsingane på:
- Helseplattforma
- Berekraftsfylke Møre og Romsdal
- Ungt entreprenørskap
Kommunane kan søke om prosjektskjønn til andre fornyings- og utviklingsprosjekt enn dei som er nemnd som satsingsområde. Ramma for tildeling av prosjektskjønn for 2023 er stram. I 2022 blei det berre tildelt prosjektskjønn til dei prioriterte satsingane og det same vil nok gjelde for tildelinga i 2023.
Sjå brevet til kommunane, lenker og vedlegg (til høgre i margen) for meir informasjon.
Kontaktpersonar
-
Sissel Hol
Tlf: 71 25 84 49 / 94 98 55 44