Skjønnsmidlar og fylkesløft/prosjektskjønn for 2024
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2024 innan 1. juni.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2024 er lista under fylkesløft/prosjektskjønn.
Statsforvaltaren deler kvart år ut skjønnsmidlar til kommunane i fylket. Vi har ansvar for ei god og rettferdig tildeling. Innspel frå kommunane er i så måte viktig. Frist for å søke om skjønnsmidlar er 1. juni 2023.
- Innspel om skjønnsmidlar kan sendast til sfmrpost@statsforvalteren.no
- Merk sendinga 2023/1230
- Søknad om fylkesløft/prosjektskjønn skal sendast gjennom prosjektportalen ISORD
Fylkesløft/prosjektskjønn 2024
Dei siste åra har vi dreia prosjektskjønn til i større grad å bidra til eit fylkesløft - som kjem mange kommunar i fylket til gode. Også denne gongen er fylkesløft retta mot berekraft, og måla i programmet Møre og Romsdal 2025. Pilarane nedanfor er rammene for søknader til prosjektskjønn/fylkesløft for 2024:
- Sirkulærøkonomi
- Smart og bereraftig VA-sektor
- Berekraftig mat og mattryggleik
- Digitalisering av offentleg sektor
- Fattigdom og sosial inkludering
- Berekraftsertifisering av offentlege bygg
Berekraft og samarbeid som mål
Kommunesektoren er stadig i omstilling med utfordringar knytt til økonomi, kostnadsutvikling, rekruttering av relevant fagkompetanse og målsetting om å effektivisere drifta. Samtidig er det viktig å rigge seg for auka berekraft.
Kommunesamarbeid, bruk av ny teknologi og meir føremålstenleg organisering av arbeidet er tiltak som kan bidra til å utvikle og modernisere kommunesektoren.
Statsforvaltaren ønsker å stimulere til prosessar i og mellom kommunane for å utvikle tenestetilbodet og få betre økonomi i drifta. I hovudsak prioriterer vi å støtte samarbeidsprosjekt mellom fleire kommunar. Då kan prosjektmidlane få større nedslagsfelt og bidra til læring for fleire.
Kommunane kan søke om prosjektskjønn til andre fornyings- og utviklingsprosjekt enn dei som er nemnd som satsingsområde. Den økonomiske ramma for tildeling av prosjektskjønn er stram. Dei siste åra har vi difor berre funne rom for å tildele prosjektskjønn til dei prioriterte satsingane. Dette vil truleg også gjelde tildelinga for 2024.
Sjå også brev til kommunane, lenker og vedlegg (til høgre i margen) for meir informasjon.
Kontaktpersonar
-
Maria Laingen
Tlf: 71 25 85 27