Møre og Romsdal har 200 ulike interkommunale samarbeid. Det viser ei kartlegging frå NIVI-analyse. Rapporten anbefaler meir strukturerte samarbeid, noko som kan bidra til berekraftige velferdstenester og meir utviklingsdyktige kommunar.
05.01.2024
Statsforvaltaren har fordelt 4,8 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar.
04.12.2023
Kommunane, kommunale føretak og interkommunale selskap/samarbeid skal rapportere årsrekneskapet sitt i elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB). Sjå fristar her.
20.11.2023
Målet med Fylkesløft er å gi kommunane støtte til fornyings- og utviklingsprosjekt. Ein del av skjønnsramma skal gå til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. I Møre og Romsdal kallar vi prosjektskjønn for Fylkesløft.
08.11.2023
Kvart år tildeler Statsforvaltaren skjønnsmidlar til kommunane i Møre og Romsdal. For 2024 skal 51,6 millionar fordelast.
06.10.2023
Statsforvaltarens årlege rapport «Utviklinga i kommuneøkonomien» er no klar. Rapporten gir ei oversikt over den økonomiske tilstanden i kommunane i Møre og Romsdal.
05.07.2023
Vestnes kommune er meldt ut frå ROBEK - register om betinga godkjenning og kontroll. Vedtatt årsrekneskap for 2022 viser at kommunen har klart å dekke inn alt underskott frå tidlegare år.
14.06.2023
Torsdag 11. mai la regjeringa fram forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2023 og kommuneproposisjonen for 2024. Regjeringa presenterer her reviderte anslag for kommunesektoren i inneverande år og det økonomiske opplegget for det kommande året.
19.05.2023
Volda, Ålesund, Molde og Tingvoll kommunar får alle midlar til ei toårig engasjementsstilling for berekraftkoordinator. Ressursen skal dei dele med omlandskommunane.
19.04.2023
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2024 innan 1. juni.
14.04.2023