Statsborgarsermoni 2022

Dato:
22. mai 2022 10:00 - 17:00
Stad:
Bjørnsonhuset, Scandic Seilet, Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Inviterte nye statsborgarar
Påmeldingsfrist:
8. april 2022 23:59
Frå statsborgarseremonien i 2015.
Frå statsborgarseremonien i 2015. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til seremoni for nye norske statsborgarar i Møre og Romsdal.

Publisert 21.03.2022

Tid: 22. mai 2022

Kl. 10.30 - seremoni for nye norske statsborgarar busett i Aukra, Molde, Hustadvika, Kristiansund og Vestnes

Kl. 12.30 - seremoni for nye norske statsborgarar busett i Gjemnes, Sunndal, Tingvoll og Ålesund

Kl. 14.30 - seremoni for nye norske statsborgarar busett i Aure, Averøy, Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Rauma, Ørsta, Volda, Sykkylven, Ulstein, Surnadal, Sula, Stranda og Smøla

Stad: Bjørnsonhuset, Scandic Seilet, Molde

For: Inviterte nye norske statsborgarar, og deira påmeldte gjestar

Seremonien skjer i Bjørnsonhuset, Molde. 

Kvar ny statsborgar har meldt på maks to gjestar.

Velkommen til statsborgarseremoni!

PROGRAM

  • Velkommen til seremoni v/ ass. statsforvaltar Rigmor Brøste

  • «Bestevenn» av Odd Nordstogga, v/ Lena Nymark og  Eyvinn Magnus Solberg

  • Tale til dei nye statsborgarane v/ statsforvaltar Else-May Norderhus

  • «Sommerfuggel i vinterland» av Halvdan Sivertsen v/ Lena Nymark og Eyvinn Magnus Solberg
     
  • Gjestetalar
    Ordførar i Vestnes, Randi Bergundhagen (første seremoni)
    Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (andre seremoni)
    Ordførar i Aure, Hanne-Berit Brekken (tredje seremoni)
     
  • Troskapsløftet - seiast fram samla

  • Vi syng nasjonalsongen «Ja, vi elsker»
    av Rikard Nordraak og Bjørnstjerne Bjørnson -
    akkompagnert av Lena Nymark og Eyvinn Magnus Solberg

  • Avslutning v/ ass. statsforvaltar Rigmor Brøste

  • Utdeling av rose til dei nye statsborgarane

  • Kommunevis fotografering av statsborgarane

Etter at det offisielle programmet er slutt, blir det servering av kaffi og kake i Scandic Seilet hotell. Det blir is og brus til barna.

----

Påmelding:  Fristen er gått ut.
Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrservice@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 84 30.

Stadfesting:  Du som er påmeldt har fått ei stadfesting på e-post.  Om du ikkje har mottatt ei slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  

Dato:
22. mai 2022 10:00 - 17:00
Stad:
Bjørnsonhuset, Scandic Seilet, Molde
Arrangør:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Inviterte nye statsborgarar
Påmeldingsfrist:
8. april 2022 23:59