Informasjonsbrev veke 50/2023
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-12 – Frist mandag 18. desember
- Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar
- Landbruksmøtet – ein viktig møteplass for næringa i Møre og Romsdal
- Mykje beite gror att med skog
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-12 – Frist mandag 18. desember
Virkesopplysningar for periode 2023-12 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 18. desember. Det er viktig at det blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 15. januar
Møre og Romsdal Landbruksselskap skal dele ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa. Det kan vere ein gardbrukar, ein familie eller eit fellestiltak. Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kroner. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i Molde 8. mars.
Forslag på kandidatar sendast til per.nakken@statsforvalteren.no innan 15. januar.
Meir informasjon om Inspirasjonsprisen finn du her. Del gjerne 😊
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Landbruksmøtet – ein viktig møteplass for næringa i Møre og Romsdal
Ei engasjert forsamling deltok på det årlege Landbruksmøtet som Statsforvaltaren arrangerer. Her deltok tilsette og tillitsvalde eigarar i organisasjonane i landbruket i Møre og Romsdal. Du kan lese meir om møtet her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
NIBIO går no i gjennom arealressurskartet (AR5) for dei fleste kommunane nord for Romsdalsfjorden. Ein gjennomgang av fire kommunar viser at mykje innmarksbeite gror att med skog.
Sjå: Mykje beite gror att med skog
Kontaktperson: Odd Løset