Statsforvaltaren skal medverke til at jordbrukspolitikken blir realisert
Statsforvaltaren skal medverke til å gjennomføre den nasjonale jordbrukspolitikken ved hjelp av informasjon, forvaltning av verkemiddel og lokalt tilpassa tiltak. Statsforvaltarens oppgåver innan jordbruk er i hovudsak knytt til forvaltning av tilskots- og erstatningsordningar. Vi er også klageinstans for søknader om løyve til nydyrking og planering, og dessutan for kommunale vedtak som gjeld husdyrgjødsel og forureining.
Statsforvaltaren gir råd og informerer om verkemiddelbruk overfor kommunane, landbruksrådgivinga og næringsutøvarar innan jord- og hagebruk. Statsforvaltaren skal fungere som initiativtakar og pådrivar for verdiskaping og utvikling innan sektoren.
Litt under 4 prosent av landarealet i Møre og Romsdal er jordbruksareal. Bøndene i Møre og Romsdal disponerer eit jordbruksareal areal på knappe 560 000 dekar fordelt på 2 920 driftseiningar. Dette utgjer 191 dekar jordbruksareal pr. bruk, av dette 156 dekar fulldyrka areal. Nesten halvparten av jordbruksarealet bøndene disponerer, er areal som er leigd frå bruk som ikkje er i drift.
Møre og Romsdal er eit grasfylke. Grovfôrbaserte husdyrproduksjonar (mjølk, storfekjøt, sau og geit) står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsetjinga i jordbruket i Møre og Romsdal. Resten er fordelt på bær/frukt/grønsaker, korn, egg og gris.
Møre og Romsdal har store beiteressursar i utmarka. Det blir nytta ulike verkemiddel for å stimulere til meir bruk av utmarksbeite.