Tilskot til tiltak i beiteområde
Oppdatert 18.02.2021
Tilskot til tiltak i beiteområde skal bidra til beite i utmark, å redusere tap av dyr på utmarksbeite og å fremme fellestiltak i beiteområda.
Lag og foreiningar som driv beitedrift kan søkje. Les meir om tilskot til tiltak i beiteområde på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Statsforvaltaren skal:
- Fordele midlane til kommunane ut frå ei fylkesramme.
- Følge med på forbruket av midlar i kommunane og fordele om på unytta midlar mellom kommunane.
- Rettleie kommunane.
- Behandle klagar på vedtak fatta av kommunane.
- Rapportere årleg til Landbruksdirektoratet om prognoser og forbruk i fylket.
Forvaltning av ordninga
Kommunen gjer vedtak i tilskotsordninga. Dei fastsett søknadsfrist, informerer og rettleier om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen behandlar også søknader, fattar vedtak om tilskot og godkjenner utbetaling av tilskot. Som grunnlag for prioriteringane skal kommunane fastsette lokale retningsliner innanfor regelverket til ordninga. Ta kontakt med din kommune for meir informasjon om ordninga.