Kven fortener kulturlandskapsprisen 2023?

Bilete av sau på beite i Herdalen, i Fjord kommune.
Sau på beite i Fjord kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Ragnhild Naug Aas.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2023 innan 15. mai.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2023, Sist endra 26.04.2023

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris. Prisen blir gitt til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet, med fokus på naturmangfald, bygningsvern, formidling, tilrettelegging og tradisjonar knytt til kulturlandskapet.

Hensikta med prisen er å:

  • setje fokus på den viktige rolla landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet
  • skape merksemd og auke kunnskapen om verdiane i kulturlandskapet
  • stimulere til å ta vare på kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Kven kan ta i mot prisen?

Prisen blir fortrinnsvis gitt til aktive gardbrukarar, men kan også gis til grunneigarlag, beitelag, bygdelag eller andre typar tiltak. Kandidatane til kulturlandskapsprisen vil bli vurdert etter desse kriteria:

  • At det skal vere gjort ein særskild innsats for kulturlandskapet gjennom skjøtsel og drift
  • At drifta brukar kulturlandskapet som ressurs for verksemd/produksjon, utvikling eller ny næring på garden
  • At drifta tek omsyn til landskap, kulturminne, kulturmiljø og biologisk mangfald
  • At drifta har produksjon som tek omsyn til miljøet på bruket og i nærområdet
  • At folk har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv ogrekreasjon
  • At drifta medverkar til positivt fokus på dei verdiane som landbruket representerer

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må utmerke seg på ein eller fleire av kriteria og vere ein god ambassadør for landbruket.

Korleis fremme forslag på kandidatar?

Alle kan fremme forslag på kandidatar. Vi oppfordrar spesielt kommunar, landbruksrådgivinga og faglaga til å komme med forslag på minst ein kandidat. Fleire kan gjerne gå samen om eit forslag. Kandidatar som er foreslått tidlegare kan bli renominert på bakgrunn av tidlegare innsendt informasjon.

Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit elektronisk skjema som de finn ved å følgje denne lenka:

https://forms.office.com/e/Xz2xaXHnWM

Forslag kan også sendast per e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no .Merk da e-posten med kulturlandskapsprisen 2023 og kandidaten sitt namn.

Vi veit at det finst mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss å heidre nokon av desse!

Frist til å komme med forslag på kandidatar er 15.mai

Praktiske opplysningar om prisen

  • Prisen har vorte delt ut sidan 2001, med unntak av 2018.
  • Vinnaren får eit kunstverk av biletkunstnar Lars Christian Istad, gåvesum på kr. 10 000, ein diplom og ein plakett.
  • Dei siste åra har prisen blitt delt ut heime hjå prisvinnaren.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.