Fordeling av kommunale rammer til Spesielle miljøtiltak i jordbruket 2021
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på kr. 7 620 000,- til kommunane til ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Av ei samla løyving på 132 millionar kroner over jordbruksavtalen til SMIL-ordninga i 2021, har Møre og Romsdal fått tildelt 6,5 millionar kroner. Ubrukte midlar frå 2020 vert lagt til dette beløpet.
Statsforvaltaren har fordelt midlane til kommunane ut frå følgjande kriterium; tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedommar og tal på jordbruksareal i drift, i tillegg til innmeldt behov frå kommunane og aktivitetsnivå for ordninga dei to siste åra.
Det kan innvilgast SMIL-tilskot til gjennomføring av tiltak som:
- reduserer tap eller risiko for tap av næringsstoff, partiklar og andre forureinande utslepp til jord, avrenning til vatn eller utslepp til luft frå jordbruksareal, fôr eller gjødsel.
- tek vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet.
- omfattar planlegging og tilrettelegging for heilskaplege miljøprosjekt i jordbruket.
Ta kontakt med din kommune
Det er kommunen som mottar- og behandlar søknader og fattar vedtak om SMIL-tilskot. Kommunane har lokale søknadsfristar og eigne retningsliner som beskriv miljøutfordringar og prioritering av tiltak. For meir informasjon om prioriteringar, satsar med meir i din kommune, sjå kommunens retningsliner for tilskotet og kommunens utlysing.