Kommunale rammer til Spesielle miljøtiltak i jordbruket 2023
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 8 660 000 kroner til kommunane for ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I 2023 er den nasjonale ramma for SMIL 170 millionar kroner, der Møre og Romsdal har fått tildelt 7,8 millionar. I tillegg er det overført 957 535 kroner i ubrukte og inntrekte midlar frå i fjor.
Om fordelinga
Kommunane har meldt inn eit samla behov for året på 9 590 000 kroner, og det er dermed eit sprik mellom behovet som er innrapportert og midla som er til fordeling. Det er derfor nytta ein fordelingsnøkkel for å fordele dei disponible SMIL- midla mellom kommunane.
Fordelingsnøkkelen tek utgangpunkt i tal frå kommunane med tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedommar og tal på jordbruksareal i drift. I tillegg tek fordelingsnøkkelen utgangspunkt i følgande:
- Innmeldt behov
- lokale retningslinjer som skildrar lokale miljøutfordringar og prioritering av miljøtiltak
- gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i kommunen
- variasjonar i behov frå år til år, saman med omsyn til føreseielegheit og kontinuitet
Kommunevise rammer
Aukra |
100 000 |
Smøla |
300 000 |
Aure |
400 000 |
Stranda |
370 000 |
Averøy |
200 000 |
Sula |
50 000 |
Fjord |
370 000 |
Sunndal |
440 000 |
Giske |
150 000 |
Surnadal |
440 000 |
Gjemnes |
480 000 |
Sykkylven |
240 000 |
Hareid |
100 000 |
Tingvoll |
330 000 |
Herøy |
250 000 |
Ulstein |
130 000 |
Hustadvika |
940 000 |
Vanylven |
440 000 |
Kristiansund |
40 000 |
Vestnes |
240 000 |
Molde |
700 000 |
Volda |
500 000 |
Rauma |
300 000 |
Ørsta |
500 000 |
Sande |
200 000 |
Ålesund |
450 000 |
|
|
Sum |
8 660 000 |
Statforvaltaren held igjen kr 97 535 regionalt til klagehandsaming og omfordeling i løpet av året.
Ordninga skal forvaltast etter gjeldande forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket med tilhøyrande rundskriv, og kommunane sine eigne tiltaksstrategiar.
Det kan innvilgast SMIL-tilskot til å gjennomføre tiltak som:
- tek vare på natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
- reduserer tap eller risiko for tap av næringsstoff, partiklar og andre forureinande utslepp til jord, avrenning til vatn eller utslepp til luft frå jordbruksareal, fôr eller gjødsel
- omfattar planlegging og tilrettelegging for heilskaplege miljøprosjekt i jordbruket
Å følgje lovpålagte krav som gjeld forureining blir rekna som del av den ordinære jordbruksdrifta, og kan ikkje bli gitt SMIL-tilskot. Drift og skjøtsel som følgjer av normal bruk av areala knytt til eksisterande drift vil i hovudsak heller ikkje ha rett til SMIL- tilskot. SMIL-tilskot er først og fremst aktuelt til tiltak som inneber ein ekstra innsats utover dette, og som det er knytt særlege kostnader til.
Ta kontakt med din kommune om du vil gjennomføre tiltak
Det er kommunen som mottar og behandlar søknader og fattar vedtak om SMIL-tilskot. Kommunane har lokale søknadsfristar og eigne retningsliner som beskriv miljøutfordringar og prioritering av tiltak. For meir informasjon om prioriteringar, satsar med meir i din kommune, sjå kommunen sine retningsliner for tilskotet og kommunen si utlysing.