Fordeling av områderammer til Utvalde kulturlandskap i jordbruket 2023
Dei fire utvalde kulturlandskapa i Møre og Romsdal har samla fått tildelt 3 108 452 millionar kroner for 2023.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
For 2023 er den nasjonale ramma for Utvalde kulturlandskap i jordbruket på 35,5 millionar kroner. Av dette er det avsett kr 15,5 millionar over jordbruksavtalen og 20 millionar over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.
Møre og Romsdal har fått tildelt 3 millionar. I tillegg er det overført 208 452 kroner i ubrukte og inntrekte midlar frå i fjor. Dette er fordelt på dei fire utvalde kulturlandskapa; Fjellgardan i Sunndal, Alnes, Hjørundfjorden og Norangsdalen og Eikesdalen.
Ved fordeling av rammer til dei fire område er det lagt vekt på følgande:
- områda sine forvaltningsplanar
- gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i områda
- områda si størrelse i areal, omfang av tiltak og tal på eigarar/drivarar
- variasjonar i behova frå år til år, samen med omsyn til føreseielegheit og kontinuitet
- realistiske budsjettforslag/kostnadsoverslag
- at kvart område over tid på en balansert måte dekkjer opp behov knytt til alle deltema omfatta av føremålet med ordninga: sikre miljøverdiar, kulturmiljøverdiar og fortsett jordbruksdrift, inkludert næringsutvikling basert på desse
Fordelinga av områderammer er gjort i samarbeid med regional natur- og kulturmiljøforvaltning.
UKL - område |
Kommune |
Områderamme 2023 |
Fjellgardane i Sunndal |
Sunndal |
950 000 |
Alnes |
Giske |
550 800 |
Hjørundfjorden og Norangsdalen |
Ørsta |
1 057 652 |
Eikesdalen |
Molde |
550 000 |
Regionale tiltak |
- |
100 000 |
|
Sum |
3 208 452 |
Føremålet med UKL - ordninga
Førmålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knyttet til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, herunder sikre langsiktig skjøtsel og drift i områda.
Ordninga skal forvaltast etter forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med tilhøyrande rundskriv og målsettingar i planer og retningsliner for områda.
Ta kontakt med kommunen om du vil gjennomføre tiltak
Det er kommunen som mottar og behandlar søknader og fattar vedtak om UKL -tilskot. Områda har lokale søknadsfristar og eigne forvaltningsplanar/retningsliner som beskriv prioritering av tiltak. Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål om ordninga og søknadsprosessen.