Opent fagmøte om rovvilt og beitedyr
Statsforvalteren i Møre og Romsdal inviterer til fagmøte om rovvilt og beitedyr i Åndalsnes tysdag 31.januar. Møtet er opent for alle interesserte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvalteren i Møre og Romsdal, saman med kommunane i rovviltområda, inviterer til ein dag med nytt om rovvilt og beitedyr. Vi skal ha levedyktige bestandar av både gaupe og jerv i Møre og Romsdal, og vi har samtidig store utfordringar med tap av beitedyr. Det er vanskeleg å nå denne todelte målsettinga om både levedyktige rovviltbestandar og matproduksjon i same utmarksområda. Derfor må beitebrukarar, organisasjonar, forvaltning og politikarar stadig finne meir kunnskap, og prøve ut nye løysingar.
På fagdagen skal vi få presentert erfaringar frå prosjekt som har vore prøvd ut dei siste åra, samt status i rovviltforvaltninga. Vi håper å kunne få til gode diskusjonar basert på erfaringar frå dei siste beitesesongane, og inspirere til nye idear.
Tid og stad: Tysdag 31.januar 2023, Grand hotel i Åndalsnes
Program for dagen (kan komme små endringar):
11:00-11:30 |
Registrering og rundstykke |
11:30-11:35 |
Velkommen til fagsamling om rovvilt, ved Statsforvaltaren i Møre og Romsdal |
11:35-11:45 |
Velkommen til Rauma kommune v/Rauma kommune |
11:45-12:30 |
Nytt frå Rovdata, ved Jonas Kindberg (digitalt) |
12:30-13:00 |
Nytt frå Statens naturoppsyn, ved Lars Olav Lund SNO |
13:00-14:00 |
Lunsj |
14:00-15:00 |
GPS-sporing – moglegheiter, med eksempel frå Meråker v/Unni Støbet Lande, NIBIO |
15:00-15:20 |
Nytt frå Landbruksdirektoratet, v/Julie Vesterhus, Landbruksdirektoratet (digitalt) |
15:20-15:30 |
Pause |
15:30-16:00 |
Nytt frå Miljødirektoratet, v/Anders Braa, Miljødirektoratet |
16:00-16:45 |
Flekkgjenkjenningsprosjekt på gaupe på Nordmøre og viltkameraprosjekt, v/John Linnell, NINA |
16:45-17:00 |
Pause |
17:00-18:00 |
Resultat frå prosjekt av Norges jeger- og fiskerforbund Møre og Romsdal 2022, v/Kristian Kallmyr Lerheim NJFF |
19:00 |
Middag |
Påmelding innan 16.januar til Marianne Aas Halse, Statsforvalteren i Møre og Romsdal, fmmrmaha@statsforvaltaren.no