Stor oppslutning om kurs
Kommunane møtte mannjamnt opp på kurs om nytt system for produksjonstilskot. Landbruksforvaltninga over heile landet førebur seg i desse dagar på at bønder og forvaltning skal ta i bruk heilt nytt system for søknad og behandling av produksjonstilskot.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tirsdag 28. mars arrangerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal datakurs for kommunane. Landbruksdirektoratet stilte med to instruktørar, slik at alle kursdeltakarane skulle få god hjelp under kurset. Kommunane fekk grundig informasjon om systemet og korleis rutinane skal bli, og det var sett av god tid til øving på konkrete oppgåver.
På same måten som det gamle systemet, blir også det nye distribuert via internett. Bøndene må søkje via internett, og vil då få informasjon om eventuelle feil, og kan rette desse før innsending. Søkjarane får også kvittering, når søknaden er sendt inn. Forvaltninga behandlar søknadene i det same systemet. Klar rollefordeling styrer kven som får tilgang til ulike sider og oppgåver i systemet.
Det nye er utvikla på meir moderne plattform, og er enklare å bruke enn det gamle, som allereie har blitt 15 år gammalt. Både søkjarar og saksbehandlarar vil no få meldingar om eventuelle feil direkte i søknadsbehandlinga.
Rammene for det nye systemet vart lagt i jordbruksforhandlingane i 2015. Samtidig med innføring av nytt sytem, blir det også endringar i søknadsfristar og registreringsdato. Det vil bli ei utbetaling per år, i februar - basert på to søknadsomgangar - 15. mars og 15. oktober. I år blir første søknadsfristen 15. mai, men seinare vert det 15. mars og 15. oktober.
Papirskjema finst ikkje lenger, så alle må levere søknaden via internett. Kommunen kan hjelpe til med informasjon om systemet.
Kontaktpersonar
Stor omlegging i produksjonstilskot i 2017
Frå mai 2017 blir det heilt nytt system for produksjonstilskot, nye fristar, nye rutiner, m.m. Føl med på informasjon etter kvart. Januar 2017 var den siste omgangen med tidlegare system.