Tilskot til vern av trua fugleartar i jordbrukslandskapet
Har du trua fugleartar hekkande i enga? Du kan gjere avtale med Statsforvaltaren om å utsette slåtten der det er påvist hekking av åkerrikse, vipe, storspove eller grashoppesangar. Du kan søke om tilskot til dette gjennom regionalt miljøprogram.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tidlegare var det vanleg å sjå vipe trippe langs vegkanten om våren, men no er vipa og fleire av dei vanlege fugleartane i jordbrukslandskapet på sterk tilbakegang. Dette har fleire årsaker, men ein viktig grunn er at reir og ungar vert øydelagde av slåtten.
Gjer avtale med Statsforvaltaren og søk om tilskot
Gjennom regionalt miljøprogram kan du få finansiert tiltak for å utsette slåtten, der det er påvist hekking av åkerrikse, vipe, storspove eller grashoppesangar.
Vilkår for å få tilskot til dette tiltaket er:
- Hekkinga må vere stadfesta av Statsforvaltaren etter t.d. rapport frå grunneigar eller annan med god kunnskap
- Det er inngått avtale med Statsforvaltaren om å utsette slåtten
- Slått av areal omkring reiret blir utsett til etter 1. august
- Statsforvaltaren fastset storleiken på arealet
- Grunnvilkåra for regionale miljøtilskot må vere oppfylte
Vi oppmodar om at alle er på utkik og ser og lyttar etter fugl på markane rundt i fylket. Alle kan engasjere seg i dette. Bonden kan ta kontakt med kommunen. Andre kan kontakte bonden som driv areala, kommunen eller Statsforvaltaren si miljøvernavdeling.
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal |
Åkerrikse er vanskelig å oppdage, fordi den ofte ikkje lettar, om du kjem nær. I staden gøymer den seg i graset. Du kan høyre den karakteristiske lyden av åkerrikse om kvelden og natta og ut over morgonen - nesten som når du dreg tommelfingernaglen over ein kam. |
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal |
Vipa er lettare å få auge på, der den trippar langs kanten av enga eller flyg over markene. Den ser etter opne område, som er rike på meitemark og insekt. |
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal |
Storspove er den største vadefuglen vår, og vert rekna som kulturlandskapet sin fugl, men trivst også på lyngheier, myrar og strandenger.
|