Ei samla landbruksnæring jobbar med Fylkesstrategi for landbruk

Foto: Statsforvalteren i Møre og Romsdal.

Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal for 2022 – 2025 er under arbeid. Den vert til i tett samarbeid mellom representantar frå landbruksnæringa, forsking og forvaltning.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2021

Målet med fylkesstrategien er å lage ein langsiktig plan for landbruket og landbruksretta næringsutvikling i fylket. Planen skal nyttast som styringsdokument for politikarar, forvaltning og landbruksnæringa. Fylkesstrategien vil, i lag med fylkesplanen, vere førande for kommunar og regionale statsetatar, og kan nyttast til å fremme motsegn.

Fylkesstrategi for landbruk skal vere eit kunnskapsgrunnlag for å setje landbruket på den politiske dagsordenen. Den skal vere retningsgivande for utviklinga av landbruket og bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket.

Bakgrunn for strategien

I Regional planstrategi 2020 – 2024 for Møre og Romsdal Fylkeskommune er det vedtatt å revidere Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal 2017-2021. Den reviderte utgåva skal kallast Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal. Fylkesstrategien skal vere ein del av Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal 2021-2024.

Organisering

Det regionale partnerskapet for landbruk er styringsgruppe, med representantar frå reiselivsnæringa og NHO i tillegg. Partnerskapet består av Fylkeskommunen, Statsforvaltaren, Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Innovasjon Norge og Allskog. Landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren er i tillegg med i prosjektgruppa, saman med Fylkeskommunen som både er prosjekteigar og har prosjektleiinga.

Prosess for medverknad

For å sikre brei medverknad deltok representantar frå organisasjonane i landbruket, forsking og forvaltning på tre verkstader i løpet av mai og juni. Overskriftene på verkstadane var utfordringar og mogelegheiter, kva vil vi oppnå og korleis skal vi få det til.

Engasjementet på verkstadane var stort, og tema vi jobba med var nye næringar, utvikling av skogbruket, landbruket sin klima- og miljøinnsats, fôrdyrking og planteproduksjon, husdyrproduksjonane, bruk og forvaltning av arealressursane, rekruttering, utdanning, forsking og kunnskapsformidling, velferdsordningane og ny teknologi.

Vanlegvis ville slike samlingar ha vore fysiske møter, men i denne tida har dette gått føre seg digitalt, også med gruppearbeid. Tilbakemeldingane på gjennomføringa har vore gode, og ein digital prosess har gjort det mogeleg å samle folk frå heile fylket – i ei travel tid for bonden.

Vidare arbeid

Det vert no arbeidt vidare med innspela frå verkstadane. I tillegg skal det utarbeidast eit kunnskapsgrunnlag, mellom anna i form av statistikk frå landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren. Basert på dette skal det skrivast eit utkast til Fylkesstrategi for landbruk. Utkastet skal handsamast i kultur-, næring- og folkehelseutvalet (KNF) og i fylkesutvalet til hausten, og vert så sendt på høyring for innspel. Fylkesstrategien skal vedtakast av Fylkestinget våren 2022.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.