– Inn på tunet er eit viktig tilbod for å byggje heile folk
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad sette fokus på viktigheita av å ha Inn på tunet-tilbod, då ho nyleg besøkte Bøen Gard i Gjerdsvika i Sande.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Bøen Gard ligg på vakre Hide i Gjerdsvika, klemt mellom fjell og det mektige storhavet. Der tok Bente Krumsvik Hide og Trond Hide vel imot statsråden, som ga uttrykk for eit stort engasjement for Inn på tunet.
Trond er utdanna sosionom, og fatta allereie under studietida interessa for Inn på tunet. Han er oppvaksen i bygda, og bruket kjøpte dei i 2002. Frå 2005 har han jobba fulltid med Inn på tunet-tilbodet på garden. I 2011 vart garden også arbeidsplassen til Bente.
Tilbod tilpassa den enkelte
I botnen ligg gardsdrifta med 160 vinterfôra sau, mest villsau, men også norsk kvit sau. Bente og Trond skryt av landbrukskontoret, som har vore pådrivarar og sytt for god hjelp og informasjon:
– Takka vere landbrukskontoret og støtta frå Innovasjon Norge er vi der vi er i dag.
Garden ligg midt mellom fire kommunar, difor har Trond og Bente god etterspurnad for Inn på tunet-tilbodet sitt. Tilbodet er fleksibelt og vert tilpassa behovet til den enkelte, uansett utfordringar. Det kan vere butilbod i eige avlastningslokale, familiebasert avlastning i heimen eller dagtilbod i løa for alle aldersgrupper. I tillegg til dyra og gardsdrifta, brukar dei også sjøen som ein arena for aktivitet, med fisking, turar og bading.
Alle brukarane vert henta og bringa til garden av Trond og Bente. For brukarane er det forutsigbart og trygt, og samtalane og samværet under transporten bidreg til ein god start og avslutning på opphaldet på Bøen Gard.
Gardsmatproduksjon
I underetasjen på avlastningslokalet har gardbrukarane bygd eit foredlingsanlegg. Av om lag 100 slakt av sau og lam vart det sist haust produsert pinnekjøt, pinnebog, fenalår, dampemør og lammerull. Nokre griser på friland bidreg også med gode råvarer. Produkta vert selt i eigen gardsbutikk.
Korte kontrakter er ein flaskehals
Bente og Trond skulle gjerne ha investert meir i garden, men kontrakter med kort varigheit er ein flaskehals. Lengste varigheit på avtalane er berre eit år.
Til dette svarer Bollestad:
– Tilbodet er spesialsydd opplegg for enkeltbrukarar, og difor av usikker varigheit. Men kjøpar må tenke lenger varigheit for at de skal klare å oppretthalde tilbodet. Slike tilbod er ekstremt viktige for å kunne ha tiltak for å bygge folk. Inn på tunet må kunne brukast i større grad enn i dag.