Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har eit sterkt engasjement for Inn på tunet.
![Trond Hide og Bente Krumsvik Hide fortel Olaug Bollestad om Inn på tunet-tilbodet på Bøen gard. Foto: Brit Kari Eidseflot Hauger. Trond Hide og Bente Krumsvik Hide fortel Olaug Bollestad om Inn på tunet-tilbodet på Bøen gard.](/contentassets/9ad0031612da47de85ea20aeb1b514dc/trond-hide-og-bente-krumsvik-hide-fortel-olaug-bollestad-om-inn-pa-tunet-tilbodet-pa-boen-gard.jpg)
– Inn på tunet formidlar omsorg på ein litt annan måte, sa Bollestad under eit besøk på Bøen gard på Sunnmøre. Her fekk statsråden ei orientering om status for pilotprosjektet i Inn på tunet-løftet i Møre og Romsdal.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Inn på tunet-tilbydarane Bente Krumsvik Hide og Trond Hide var vertskap for Olaug Bollestad då ho nyleg besøkte Møre og Romsdal. Dei driv Bøen gard i Gjerdsvika i Sande kommune med Inn på tunet-tilbod, sauer og gardsmatproduksjon.
Bollestad uttalte at ho har eit sterkt engasjement for Inn på tunet:
– Det er å byggje heile folk som er viktig, og det er det eg synest er så fantastisk med Inn på tunet. Og så handlar det om å tenkje omsorg på ein litt annan måte. Vi vil aldri kunne klare omsorgstrappa vår, frå barn og unge, og heilt opp til eldre, ved å byggje alle omsorgstilboda i institusjonar.
Inn på tunet-løftet i Møre og Romsdal
Bollestad har forventningar til pilotprosjekta som no vert gjennomført som del av Inn på tunet-løftet. Det var difor ein lydhør statsråd som fekk ei orientering om status for prosjektet i Møre og Romsdal av assisterande landbruksdirektør Brit Kari Eidseflot Hauger.
![Brit Kari Eidseflot Hauger orienterer Bollestad om Inn på tunet-prosjektet i Møre og Romsdal. Foto: Josefine Spiro, Vestlandsnytt.](/contentassets/9ad0031612da47de85ea20aeb1b514dc/brit-kari-eidseflot-hauger-orienterer-bollestad-om-inn-pa-tunet-prosjektet-i-more-og-romsdal.-foto-josefine-spiro-vestlandsnytt.jpg)