Landbrukskonferansen med fokus på Møre og Romsdal si rolle i auka norsk sjølvsforsyning

Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Bondelaget, Bonde og småbrukarlaget og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, og vert arrangert fredag 3. mars i Molde.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2023

Landbrukskonferansen vert arrangert for bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk. Årets konferanse har særleg fokus på berekraft, beredskap og utnytting av ressursane i Møre og Romsdal.

Øystein Syrstad vil leie dagen og debatten. Han har lang erfaring som journalist i NRK og med kommunikasjonsarbeid i TINE.

Program

  • Musikalsk innslag ved Runa Tunheim
  • Opning ved Statsforvaltar Else-May Norderhus
  • Berekraftig matproduksjon på norske ressursar og premissar
    • Arne Bardalen, NIBIO
  • Landbruket i Møre og Romsdal si rolle i eit beredskapsperspektiv. Kva betyr det å ha eit levande landbruk i heile Møre og Romsdal?
    • Christian Anton Smedshaug, AgriAnalyse
  • Auka norsk sjølvforsyning – korleis kan bonden i Møre og Romsdal bidra?
    • Tor Jacob Solberg, Norsk Bonde- og småbrukarlag
    • Bjørn Gimming, Norges Bondelag
  • Musikalsk innslag ved Runa Tunheim
  • Mitt bidrag til auka sjølvforsyning
    • Vibeke Evensen, Sykkylven
    • Ole Wegard Iversen, Smøla
  • Landbrukspolitisk debatt
    • Birgit Oline Kjerstad (SV), Jenny Klinge (Sp), Per Vidar Kjølmoen (Ap), Helge Orten (H), Geir A. Stenseth (Frp), Bjørn Gimming (NB) og Tor Jakob Solberg (NBS)
  • Oppsummering/avslutning ved fylkesleiarane
    • Stein Brubæk, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag
    • Konrad Kongshaug, Møre og Romsdal Bondelag

Påmelding seinast 23. februar

Pris kr. 500,- pr. pers. inkl. lunsj og forfriskningar. Dette blir fakturert i etterkant av konferansen.

Meld deg på Landbrukskonferansen her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.