Kartlegging skog Volda
Skogressursane i Volda kommune skal bli kartlagt. Skogeigarar kan tinge skogoversikt for sin eigedom. Desse vil bli levert i desember 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prosjektet er kostnadsrekna til 3,3 millionar kroner. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har løyvd to millionar kroner til arbeidet. Skogeigar kan få 52 prosent tilskot ved kjøp av skogbruksplan/ressursoversikt for sin eigedom. Allskog skal gjennomføre kartlegginga av skogen.
Betre avgjerder
Kartlegginga skal gi skogeigar høve til å ta betre avgjerder knytt til tiltak i skogen. Det kan vere hogst eller bygging av vegar. Vidare kan skogbruksplana nyttast som takstgrunnlag ved overdraging av eigedom eller grunnlag for lån/finansiering. Miljøregistreringane, som er ein del av prosjektet, er eit krav for å kunne dokumentere at ein driv skogen på ein berekraftig måte. Med det kan ein levere miljøsertifisert virke.
Det er planta mykje i Volda. No er ein i oppstarten av ein haustingsperiode. For å forvalte skogressursane best mogleg, er det viktig å ha ein oppdatert oversikt. Mykje av kartlegginga skjer inne ved hjelp av flybilete og laserdata. Ferske laserdata er nyttig, fordi det gir eksakt høgde på skogen og dermed meir nøyaktige data. Dette arbeidet vert kombinert og kalibrert med ulike prøveflater som er teke ute i skogen. Samtidig med skogregistreringane vert det også gjort miljøregistreringar.
Populære hjelpemiddel
Ressursoversikt med kart blir levert digitalt og som papirdokument. Den digitale versjonen kan nyttast på telefon ute i skogen med gps-funksjon. Dette gir informasjon om skogressursane på staden, og har blitt eit populært hjelpemiddel.
Det finst meir informasjon på Allskog si heimeside. Her finn ein og link til bestilling som er utvida fram til og med 1. mai.
https://forms.zohopublic.com/ALLSKOG/form/Planbestilling/formperma/2D321e0a91B8gD1k8K1862gB8