Endra fisketider for åtte elver i Møre og Romsdal
Miljødirektoratet har vedtatt endra fisketid for Batnfjordselva, Driva, Usma, Litledalselva, Søya og Tressa frå og med sesongen 2022. Nordre Vartdalselva i Ørsta kommune er stengt for fiske, medan Vasselva i Hustadvika kommune er blitt opna for fiske.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Driva, Litledalselva, Batnfjordselva og Usma
Fiskesesongen i Driva og Litledalselva er innkorta til 7. august på grunn av planlagt kjemisk behandling av vassdraga. Av same årsak er sesongen i Batnfjordselva og Usma innkorta til 15. august.
Søya og Tressa
Søya og Tressa er med på eit pilotprosjekt og har fått forlenga fisketidsramme (1. juni - 31. august), men det blir innført kvotebasert forvaltning og midtsesongevaluering.
Vasselva (Aureosen)
Vasselva (Aureosen) i Hustadvika kommune er opna igjen etter at den vart stengt på grunn av manglande fangstrapportering. Det er levert rapport for 2019 og 2020 og etablert system for vidare rapportering. Fisketida er sett til 1. juli - 31. juli for både laks og sjøaure.
Nordre Vardalselva (Storelva)
I Nordre Vartdalselva (Storelva) viste både gytefiskteljing og ungfiskteljing hausten 2020 svært liten bestand. Elva har difor blitt stengt for fiske i år.
Det har berre vore opning for naudsynte endringar i år. For andre elver i Møre og Romsdal er det same fisketidsramme som i 2021. Vær merksam på at forvaltningslaga i elvane kan vedta strengare reglar (til dømes kortare sesong) enn fisketidsforskrifta til Miljødirektoratet. Forvaltningslaget i Usma har valt å ikkje opna elva for ordinært fiske, fordi dei skal samle inn stamfisk til reetablering etter kjemisk behandling av elva.