Endra løyve til tiltak i sjø i Aukra (Ormen Lange Fase 3)
Statsforvaltaren endrar løyvet til A/S Norske Shell slik at det opnar for noko meir sprenging og mellombels utfylling i sjø enn fyrst planlagt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.07.2022
Det er behov for noko meir sprenging i sjø enn fyrst antatt i området der det skal etablerast ilandtakingsanlegg. Løyvet opnar etter endringa for sprenging av opp til 880 m3 fjell og ei mellombels fylling i sjø på 13 825 m3.
Vedtak med endra løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Ei klage eller eventuelle kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74