Løyve til utfylling ved Eggesbønes i Herøy
Herøy kommune får løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved gnr. 38 bnr. 301.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.09.2021
Det skal fyllast ut med om lag 33 000 m3 massar over eit areal på om lag 8 350 m2. Hensikta er å utvide næringsarealet i området. Tiltaket er planlagd utført frå hausten 2021 til januar 2022.
Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kommentarar eller klage på vedtaket sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74