Løyve til utslepp ved utfylling i sjø ved Rensvikholmen i Kristiansund kommune
Statsforvaltaren vedtek løyve etter forureiningslova til utslepp ved utfylling i sjø i eit område på om lag 3 000 m2 ved Rensvikholmen i Kristiansund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 08.09.2023
Det skal nyttast om lag 18 000 m3 steinmassar. Utfyllinga skal gjerast for å etablere molo.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Ein eventuell merknad skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan tre veker etter kunngjeringa.