Utsleppsløyve til Sunnmøre Torsk AS i Ålesund kommune
Statsforvaltaren har etter søknad gjeve utsleppsløyve til oppdrett av torsk på Lausund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 25.10.2021
Løyvet gjeld matfiskanlegg for torsk med maksimal tillete ståande biomasse (MTB) på 3599 tonn. Løyvet trer ikkje i kraft før det er gjeve løyve etter akvakulturlova (gjevast av Møre og Romsdal fylkeskommune).
Vedtak med utsleppsløyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kommentarar eller klage på vedtaket sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.