Vedtak om utsleppsløyve - Mowi avd. Eggesbønes Processing
Lakseslakteriet og fabrikken for lakseolje og lakseprotein på Eggesbønes i Herøy får utsleppsløyve frå Statsforvaltaren.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 18.01.2022
Løyvet gjev ei årleg produksjonsramme på slakting og filtrering av 100 000 tonn matfisk, produksjon av 12 500 tonn lakseprotein og 25 000 tonn lakseolje ved anlegget.
Merknadar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan 07.02.2022.
Kontaktpersonar
-
Lisa Thorstensen
Tlf: 71 25 84 56 -
Christian Dahl
Tlf: 71 25 84 19