Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til mudring ved Hammervatnet i Levanger kommune
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har som settefylkesmann handsama ein søknad frå Fylkesmannen i Trøndelag om skjøtseltiltak i Hammervatnet naturreservat som omfatter mudring.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 13.07.2020
Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til å mudre for å opne vasspegelen i område tilgrodd med takrøyr. Totalt skal det takast opp om lag 150 m3 massar, og massane skal nyttast i dei same områda for å etablere små øyer som skal betre hekketilhøva for fugl. Tiltaka er planlagt utført med amfibie-gravemaskin i august 2020.
Løyvet vart gitt av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som var oppnemnd som settefylkesmann i saka.
Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74