Løyve til mudring og dumping i Averøy
Rånes småbåtlag SA får løyve til å mudre småbåthamna si ved Rånes i Averøy kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.09.2018
Dei skal mudre om lag 800 m3 massar. Massane skal dumpast i sjøen like aust for hamna. Tiltaket har planlagt oppstart hausten 2019.
Vedtaksbrev med løyve finn du ved å følgje lenkja til høgre på denne sida.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74