Løyve til utfylling ved Husøya
Johs. J. Syltern AS har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Bolgleira og Jørildneset i Kristiansund kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 19.12.2017
Hensikta med tiltaket er å utvide vegen som går til Husøya. Dei skal fylle ut med om lag 5 000 m3
sprengstein over eit samla areal på om lag 1 100 m2. Tiltaket skal gjerast i 2018.
Vedtak og løyve finn du ved å følgje lenkja til høgre på sida.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.