Nytt utsleppsløyve til Statt Torsk AS på Strandabø i Vanylven kommune
Statsforvaltaren har etter søknad gitt utsleppsløyve til oppdrett av torsk på lokaltiet Strandabø i Vanylven kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.05.2021
Løyvet gjeld matfiskanlegg for torsk med maksimal tillete ståande biomasse (MTB) på 2340 tonn. Løyvet trer ikkje i kraft før det er gitt løyve etter akvakulturlova (gjevast av Møre og Romsdal fylkeskommune).
Vedtak med utsleppsløyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kommentarar eller klage på vedtaket sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.