Vegvesenet får løyve til tiltak ved Solavågen
I tilknyting til bygging av ny ferjekai skal det fyllast ut med om lag 12 560 m3 massar og plastrast med ytterlegare 6 160 m3.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 29.05.2020
I tillegg skal det mudrast vekk om lag 850 m3 massar frå området. Ureine muddermassar skal fraktast til deponi, mens reine massar skal dumpast ved ein lokalitet litt lenger ute i fjorden der det tidlegare har vorte dumpa massar. Tiltaka er planlagt utført i 2020.
Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74