Fiskeforedlingsbedrifter
Dette er ei informasjonsside for føretak som foredlar fisk og fell inn under kap. 26 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Forskrift for fiskeforedlingsbedrifter
Fiskeforedling omfattar verksemder som slaktar eller foredlar fisk, skjell, blautdyr og skaldyr. Reine rundpakkeanlegg for fisk, som ikkje har utslepp til vatn, er ikkje omfatta av kapittel 26.
Verksemder som produserer over 75 tonn ferdig produkt i døgnet må ha løyve til utslepp frå Statsforvaltaren.
Forskrifta gjeld for verksemder som har utslepp til sjø og brukar 50 tonn råstoff eller meir per år.
- Alle skal ha reinseanlegg for utslepp til vatn.
- Alle må redusere sjenerande lukt.
- Bedrifta skal ha ein journal som viser mengde råstoff og vatn, utslepp og handtering av fiskeavfall.
Her finn du heile forureiningsforskrifta kapittel 26.
Sjå også rettleiaren frå Miljødirektoratet, som kan lastast ned via lenkja til høgre på denne nettsida.
Renseanlegg
Fiskeforedlingsbedrifter får mykje fiskeavfall som slo og avskjer. Fiskeavfallet må handterast riktig, slik at det ikkje oppstår ubehageleg lukt ved anlegget og forureina utslepp til sjø. Avløpsvatnet ved bedriftene må difor reinsast for fett og fiskerestar.
Verksemder som foredlar fisk med meir enn 7 % fett, må ha ein fettavskiljar.
Melding til Statsforvaltaren
Anlegg skal i god tid før oppstart eller produksjonsendring sende inn utfylt skjema til Statsforvaltaren. Anlegg som er omfatta av kapittel 26, og som driv utan løyve, skal også sende melding til Statsforvaltaren.
Ingen må ha, gjere eller sette i verk noko som kan medføre fare for forureining med mindre ein har løyve frå forureiningsmyndigheitene eller driv innanfor forskrift gitt for visse verksemder. For å kunne drive aktivitet som fell inn under forureiningsforskrifta kapittel 26, skal Statsforvaltaren ha ei melding om dette. Lenke til meldingsskjema finn du til høgre på sida. Skjemaet skal sendast til
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Postboks 2520, 6404 Molde
E-post: sfmrpost@statsforvalteren.no