Løyve til tiltak i sjø ved Linge ferjekai
Møre og Romsdal fylkeskommune får løyve etter forureiningslova til tiltak ved Linge ferjekai i Fjord kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 24.02.2022
Tiltaka omfattar nedsetting av pålar, mudring, utfylling og noko sprenging. Hensikta er å bygge ny kai på staden for elektrifisering av ferjesambandet mellom Linge og Eidsdal.
Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.
Klage på, eller kommentarar til, vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan tre veker.
Kontaktpersonar
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74