Endra løyve for Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS
Reinhaldsverket får endra løyve til mottak, sortering og mellomlagring av ordinært avfall og kompostering av hageavfall i Ørsta kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 01.06.2021
Endringane i løyvet omhandlar handtering av overflatevatn. Uteareal har blitt delt i rein- og ureinsone. Vatn frå rein sone går til infiltrasjon medan vatn frå urein sone førast til oljeutskiljer og vidare til kommunal spillvassleidning.
Endra løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne nettsida.
Klage på eller kommentarar til vedtaket sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.