Endra utsleppsløvyve for Tine Meieriet Tresfjord AS
Tine Meieriet Tresfjord AS har 9. mai 2018 fått eit endra utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for produksjon ved anlegget i Tresfjord i Vestnes kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 28.05.2018
Løyvet regulerer mellom anna utslepp til vatn og luft, og støy. Det er stilt krav til målingar av utslepp og rapportering til forureiningsmyndigheitene.
Løyvet kan lesast ved å følgje lenkja til høgre på denne sida. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Vedtak om løyve kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker etter at det blei gitt. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.