Endra utsleppsløyve for Tafjord Kraftvarme AS
Verksemda har 9. april 2018 fått endra utsleppsløyve frå Fylkesmannen for anlegget i Ålesund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 11.04.2018
Endringa gjeld løyve til å brenne kloakkslam med spor av bomerte flammehemmarar. Det er stilt krav til målingar og rapportering til forureiningsmyndigheitene.
Løyvet kan lesast via lenkja til høgre på sida. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen. Vedtaket om løyve kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.